Beskrivelse
Bakgrunn Fjaler kommune har behov for å skifte ut eksisterande personheis i kommunehuset. Heisen er frå 1979 og har nådd slutten av forventa levetid. Vidare drift av dagens anlegg inneber auka risiko for driftsstans, meir krevjande vedlikehald og redusert funksjonalitet for brukarar av bygget. Kommunehuset er eit offentleg bygg i dagleg bruk av innbyggjarar, tilsette og besøkande. God tilgjenge, trygg ferdsel og stabile tekniske løysingar er derfor viktig for den ordinære drifta av bygget. Utskifting av heisen er nødvendig for å sikre ei framtidsretta løysing som støttar universell utforming og påliteleg bruk over tid. Anskaffinga gjeld utskifting av heis i eksisterande heissjakt i eit bygg som er i drift. Leverandørane må derfor leggje til grunn at arbeidet skal planleggjast og gjennomførast på ein måte som tek omsyn til tryggleik, samordning og minst mogleg ulempe for den daglege verksemda i kommunehuset. Det er vurdert som formålstenleg å gjennomføre anskaffinga som ei totalentreprise etter NS 8407. Dette inneber at entreprenøren får ansvar for både prosjektering og utføring av leveransen, innanfor dei funksjons- og ytingskrava som går fram av konkurransegrunnlaget. Val av NS 8407 skal bidra til tydeleg ansvarsplassering, betre samordning av dei ulike delane av leveransen og ein meir heilskapleg gjennomføringsmodell for utskifting av heisen i eksisterande bygg. Oppdragsgivar har vurdert miljø som tildelingskriterium, jf. regelverket sine krav til å innrette anskaffinga slik at ho gir reduserte klima- og miljøbelastningar der dette er relevant. For denne anskaffinga er det likevel vurdert at det ikkje er formålstenleg å nytte 30 prosent miljøvekting. Bakgrunnen er at oppdraget gjeld utskifting av ein personheis i ein eksisterande heissjakt, der dei bygningsmessige og tekniske rammene i stor grad er fastlagde på førehand. Dette avgrensar handlingsrommet for vesentleg ulike miljøløysingar mellom leverandørane. Det er vidare vurdert at dei mest sentrale miljøeigenskapane ved leveransen i stor grad kan sikrast gjennom kravspesifikasjonen og kontraktsvilkåra, til dømes gjennom krav til energieffektiv drift, val av eigna og haldbare komponentar, avfallshandtering, ombruk og forsvarleg sortering ved demontering av eksisterande anlegg, samt krav til dokumentasjon av relevante produkt- og materialval. Når slike forhold blir stilte som minimumskrav, vil miljøomsynet bli ivareteke på ein meir målretta og føreseieleg måte enn gjennom høg vekting i evalueringa. Oppdragsgivar har òg lagt vekt på at konkurransen i hovudsak bør skilje mellom tilbydarane ut frå kvalitet, gjennomføringsevne, driftstryggleik, kompetanse og evne til å gjennomføre arbeidet i eit bygg som er i dagleg bruk. Dette er forhold som i denne anskaffinga har særleg stor betydning for behovsdekkinga og den samla verdien av leveransen. Ei miljøvekting på 30 prosent ville etter oppdragsgivar si vurdering kunne gi eit mindre treffsikkert evalueringsgrunnlag, fordi skilnadene mellom tilboda på miljø truleg vil vere avgrensa og vanskelege å måle på ein objektiv og etterprøvbar måte. På denne bakgrunnen er det vurdert at klima- og miljøomsyn best blir ivaretekne gjennom konkrete og obligatoriske krav i konkurransegrunnlaget, framfor å nytte 30 prosent vekting som tildelingskriterium. Løysinga er vurdert å vere i samsvar med anskaffinga sin karakter, marknaden og kravet til forholdsmessig og relevant innretting av konkurransen. Skildring av oppdraget Oppdraget omfattar prosjektering, levering og installasjon av ny personheis i eksisterande heissjakt i kommunehuset i Fjaler. Formålet er å få på plass eit nytt heisanlegg som gir trygg, stabil og brukartilpassa drift, og som er eigna for langsiktig forvaltning og vedlikehald. Leveransen skal omfatte dei naudsynte aktivitetane for å skifte ut eksisterande anlegg, inkludert oppmåling, demontering av gammal heis, prosjektering, levering og montering av ny heis, testing, idriftsetjing, dokumentasjon og overlevering. Entreprenøren skal ha eit samla ansvar for gjennomføringa og for å levere ei komplett løysing innanfor dei eksisterande bygningsmessige rammene, i samsvar med NS 8407. Den nye heisen skal vere tilpassa eksisterande sjakt og utformast med vekt på universell utforming, driftstryggleik, kvalitet og lågt vedlikehaldsbehov. Det er vidare ønskjeleg med ei robust løysing som legg til rette for god tilgang på service og reservedelar over tid. Oppdraget omfattar også gjennomføring i eit bygg som er i bruk. Entreprenøren må derfor planleggje og utføre arbeidet på ein trygg og ryddig måte, med nødvendig sikring av arbeidsområde og god samordning med bygget si daglege drift. Tilbod om service og oppfølging etter overlevering vil inngå som del av anskaffinga. Eventuelle atterhald eller forbehold skal gå klart og tydeleg fram av tilbodsbrevet. Forbehold som ikkje er opplyste om i tilbodsbrevet, kan bli sette til side ved evalueringa.
Markedskontekst
Basert på 13 historiske tildelinger med CPV-kode som begynner på 45313, i samme fylke.
Mest aktive vinnere
- TK Elevator Norway AS 2 kontrakter
- Alt Heis AS 2 kontrakter
- Scan Heis AS 1 kontrakt
- Aarsleff Rail A/S 1 kontrakt
- Thyssenkrupp Elevator AS 1 kontrakt
Krav og betingelser
Strukturerte felter fra konkurransegrunnlaget (eForms-XML).
Tildelingskriterier
-
Service og oppfølging: 10 %
Vurdering av serviceorganisering, responstid ved feil, tilgang til lokal eller nær servicekompetanse, plan for oppfølging etter overlevering og korleis leverandøren sikrar stabil drift, vedlikehald og tilgang på modular og reservedelar i levetida. For dette kriteriet vektes responstid 50% og ekstra garantitid 50% Responstid 10 poeng - 4 timer eller mindre 8 poeng - 4 - 8 timer 6 poeng - 8 - 12 timer 3 poeng - 12 - 24 timer 0 poeng - meir enn 24 timer Ekstra garantitid utover 24 mnd 10 poeng - 72 mnd eller meir ekstra 8 poeng - 48 mnd ekstra 5 poeng - 24 mnd ekstra 2 poeng - 12 mnd ekstra
-
Pris: 50 %
Evaluering av samla tilbodspris for komplett leveranse, inkludert prosjektering, demontering, levering, montering, testing, idriftsetjing, dokumentasjon og eventuelle prisa delar av service/oppsfølging slik konkurransegrunnlaget fastset. Opsjon inngår i evaluert pris
-
Gjennomføring og oppgåveforståing: 15 %
Vurdering av leverandøren si forståing av oppdraget og plan for trygg, ryddig og effektiv gjennomføring i bygg i drift, inkludert framdrift, sikring av arbeidsområde, soneavgrensing, dørutskifting éin og éin, samordning og handtering av risiko for ulemper for dagleg drift. Poeng - Vurdering 10 - Svært god løysing med dokumenterte eigenskapar klart utover minimumskrava 8 - God løysing med fleire dokumenterte meirverdiar 6 - Tilfredsstillande løysing som oppfyller krava godt 4 - Nokre svakheiter eller avgrensa dokumentasjon 2 - Vesentlege svakheiter 0 - Mangelfull eller ikkje evaluerbar dokumentasjon
-
Løysing og kvalitet: 25 %
Vurdering av kor godt den tilbodne heisløysinga er tilpassa eksisterande sjakt, utnyttar sjaktmåla, oppfyller krav til universell utforming, og tilbyr robustheit, driftstryggleik, modulbasert oppbygging, lang levetid og lågt vedlikehaldsbehov med god reservedelstilgang over tid. Kvalitetskriteria vert vurderte etter ein skala frå 0 til 10 poeng, der 10 poeng blir gitt til det tilbodet som etter oppdragsgivar si vurdering best oppfyller kriteriet. Øvrige tilbod blir vurderte relativt opp mot dette. Vurderinga byggjer på innsend dokumentasjon og opplysningar gitt i tilbodet. Poeng - Vurdering 10 - Svært god løysing med dokumenterte eigenskapar klart utover minimumskrava 8 - God løysing med fleire dokumenterte meirverdiar 6 - Tilfredsstillande løysing som oppfyller krava godt 4 - Nokre svakheiter eller avgrensa dokumentasjon 2 - Vesentlege svakheiter 0 - Mangelfull eller ikkje evaluerbar dokumentasjon
Oppgitt med 0 % vekt: Klima og miljø.
Få full anbudsanalyse (PDF)
Rapport med tildelingen, kjøperens historikk, de mest aktive leverandørene i bransjen, prisnivå og fakta om konkurransen. 199 kr inkl. mva per anbud. Pro-abonnenter får 10/mnd inkludert.
Bransjekoder (CPV)
45000000 - Bygge- og anleggsvirksomhet 45200000 - Deler av eller komplette byggekonstruksjoner samt anleggsarbeider 45250000 - Anleggsarbeid i forbindelse med kraftverk, gruve-, fremstillingsvirksomheter samt bygninger relatert til olje- og gassindustrien 45259000 - Reparasjon og vedlikehold av anlegg 45259900 - Oppgradering av anlegg 45300000 - Bygningsinstallasjonsarbeid 45310000 - Installasjon av elektriske ledninger og armaturer 45313000 - Installasjon av heis og rulletrapp 45313100 - Installasjon av heis 45315000 - Elektriske installasjon av varme og andre elektriske apparater i bygninger 45315100 - Elektroteknisk installasjonsarbeid 45400000 - Ferdigstillende bygningsarbeid 45450000 - Øvrige arbeider i forbindelse med ferdiggjøring av bygningerGeografi
VestlandStedet er hentet direkte fra kunngjøringen og kan være oppdragsgivers administrative region, ikke nødvendigvis der ytelsen faktisk leveres.
Om denne anskaffelsen
Denne kunngjøringen ble publisert på Doffin 25. november 2026 av Fjaler kommune. Estimert verdi er 1 600 000 kr, eks. mva.
Tilbydere bør lese hele konkurransegrunnlaget nøye og merke seg kvalifikasjonskrav, tildelingskriterier og frister. Spørsmål til konkurransen rettes til oppdragsgiver.
Andre anbud fra Fjaler kommune
- 8215 Utbetring av tilkomst til badestrand (17.10.2026)
- 2231 Fureneset bru (20.06.2026)
- 2218 Skredsikring Fjaler (10.04.2026)
- Kunstgress Dingemoen stadion (19.12.2025)
- Intensjonskunngjøring (15.10.2025)
Lignende anbud
Markedsdialog om heisalarm - Muligheter og begrensninger i markedet
Statsbygg ønsker økt kunnskap om muligheter og begrensninger i markedet for overføring og oppfølging av heisalarmer. Statsbygg inviterer derfor til individuelle én-til-én-møter med leverandører av sl…
Rammeavtale for service og vedlikehold av heiser
Om anskaffelsen Moss Kommunale Eiendomsselskap KF har til hensikt å inngå rammeavtale med en leverandør for service og vedlikehold av heiser Rammeavtalen skal dekke Oppdragsgivers behov for drifts- …
[2. gangs utlysning] Totalentreprise for utskifting av tre heiser i fylkeshuset
Bakgrunn Troms fylkeskommune skal skifte ut tre eksisterende heiser i fylkeshuset i Strandvegen 13. Anlegget består av to personheiser og én vareheis/driftsheis. Heisene ble opprinnelig installert i …
Utskiftning av heis - Martina Hansens Hospital
Vestre Viken HF ønsker å skifte ut inntil 2 heiser (1+1) på Martina Hansens Hospital i Bærum. I tillegg til utskifting av heiser skal det i tilbudet inngå service på heis. Det er heisleverandør som s…
Vertikaløftere (heis) i Buffersentral til Helse Bergen
Vertikaløftere (heis) i Buffersentral til Helse Bergen
Flere anbud i samme bransje
- Markedsdialog om heisalarm - Muligheter og begrensninger i markedet · Statsbygg (18.11.2026)
- Markedsdialog: ny universelt utformet passasjerheis ved Color Line · Sandefjord kommune · avsluttet (18.11.2026)
- Rammeavtale for service og vedlikehold av heiser · Moss Kommunale Eiendomsselskap KF (17.11.2026)
- [2. gangs utlysning] Totalentreprise for utskifting av tre heiser i fylkeshuset · Troms Fylkeskommune (14.11.2026)
- Rammeavtale for utskiftning og modernisering av heis · Oslo kommune v/ Boligbygg Oslo KF · tildelt (12.11.2026)
- Utskifting av personheis i kommunehuset i Fjaler · Fjaler kommune (11.11.2026)
- Utskiftning av heis - Martina Hansens Hospital · SYKEHUSINNKJØP HF (04.11.2026)
- Vertikaløftere (heis) i Buffersentral til Helse Bergen · SYKEHUSINNKJØP HF (29.10.2026)
- Rammeavtale for utskiftning og modernisering av heis · Oslo kommune v/ Boligbygg Oslo KF · avsluttet (27.10.2026)
- Utskifting av heis til ny løfteplattform i Naturfagbygg ved Øvrebyen videregående skole · Innlandet fylkeskommune · avsluttet (21.10.2026)