personvernerklaring-nynorsk-juni-2018.pdf
Vedlegg til anbudet RFI for planlagt anskaffelse - Leasing av biler og biladministrative tjenester fra Vågå kommune.
Personvernerklæring
Lesja kommune er forplikta til å behandle personopplysingar på ein forsvarleg måte. Denne
personvernerklæringa handlar om korleis Lesja kommune samlar inn og brukar personopplysingar
om deg.
Kva er ei personopplysning?
Ei personopplysning er ei opplysning som på ein eller annan måte kan sporast attende til deg.
Kva er ein særskilt kategori personopplysing (sensitive)?
• Helseopplysningar
• Seksuell legning
• Politisk oppfatning / tru
• Etnisk bakgrunn
• Fagforeiningsmedlemskap
• Sikta / dømt for ei kriminell handling.
Vi ynskjer at du skal føle deg trygg på at gjeldande lover og reglar blir følgt ved bruk av dei
elektroniske løysingane våre. Sikker behandling av informasjon vil til ei kvar tid bli dokumentert etter
gjeldande lover og regelverk.
Ansvar
Lesja kommune ved rådmannen er behandlingsansvarleg for kommunen si behandling av
personopplysningar. Det daglege ansvaret for dei forskjellige behandlingane, er delegert i tråd med
vidaredelegeringsreglementet.
Lesja kommune er ansvarleg for at alle data blir behandla på ein sikker måte med omsyn til
konfidensialitet (at data berre skal vere tilgjengeleg for autoriserte personar og prosessar), integritet
(at data er nøyaktige, fullstendige og gyldige) og tilgjengelegheit (krav til service - alle rettkomne krav
om tilgang til korrekt informasjon skal dekkast ved behov.) Kommunen skal også sikre at det føreligg
internkontroll som viser at oppgåvene blir utført i samsvar med personopplysningslova og reglar
gjeve etter lova.
Lesja kommune har eit særleg ansvar for forsvarleg behandling av sensitive personopplysningar.
Sensitive personopplysningar er opplysningar om etnisk bakgrunn, politisk, religiøs eller filosofisk
oppfatning, fagforeiningsmedlemskap, genetiske og biometriske data som brukast til eintydig å
identifisere enkeltpersonar, helseopplysningar, opplysningar om seksuell orientering, og
opplysningar om ein er sikta/dømt for ei kriminell handling.
1
Formålet med behandling av personopplysningar
For å kunne utføre dei lovpålagte oppgåvene våre og yte gode tenester til innbyggjarane, treng Lesja
kommune å hente inn og bruke personopplysningar. Når kommunen innhentar og brukar
personopplysningar, skjer det som regel med heimel i lov og forskrift.
Samtykke
Av og til har vi ikkje heimel i lov til å behandle personopplysningar, da vil vi be deg om samtykke. For
at eit samtykke til å behandle personopplysningar skal vera gyldig, er det eit krav at det skal vera
frivillig, spesifikt, informert, utvetydig, gjeve gjennom ei aktiv handling, dokumenterbart og mogleg å
trekke attende like lett som det vart gjeve.
Innsyn, retting og sletting
Alle som er registrert i eit av Lesja kommune sine system, har rett til innsyn i eigne opplysningar.
Lesja kommune pliktar på sjølvstendig grunnlag å slette personopplysningar som ikkje lenger er
relevante for behandlinga. Krav om retting eller sletting, skal rettast til kommunen sitt postmottak.
Du skal ha svar innan 30 dagar. Plikta til å slette personopplysningar er i nokre tilfelle avgrensa av
anna lovverk, t.d rekneskapslova, arkivlova, og ein kan gjera unntak fra sletteplikta for data som blir
lagra for historisk, vitenskapleg eller statistisk formål.
Personvernombod
Alle kommunar er pålagt å ha personvernombod. Personvernombodet har som oppgåve å gje råd om
korleis den behandlingsansvarlege best mogleg kan ivareta personverninteressene. Ombodet skal
kontrollere etterleving av personopplysningslova og andre relevante regelverk med bestemming om
personvern, samt verksemda sine eigne interne retningsliner for personvern.
Informasjonskapslar (cookies) og automatisk lagring av informasjon
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir lasta ned og lagra på datamaskina di når du
opnar en nettside. Lesja kommune brukar informasjonskapslar til å gje deg ei betre brukaroppleving
og til å samle inn statistikk. Bruken av informasjonskapslar utgjer ingen sikkerheitsrisiko for deg. Du
kan avstå frå å samtykke til lagring av informasjonskapslar, men det kan føre til at tenestene på
nettsida ikkje vil fungere optimalt. Ingen av opplysningane vi får inn via informasjonskapslar, blir
brukt til å identifisere enkeltpersonar.
Nettanalyse
Vi ønskjer at du som besøkjande på nettsidene våre skal finne det du er ute etter så fort som råd. For
å lage og vedlikehalde ein brukerretta nettstad er vi avhengige av å kunne analysere
brukarmønsteret til dei som brukar sidene våre. Vi samlar derfor inn opplysningar om besøkjande på
www.lesja.kommune.no. Vi kan ikkje spore opplysningane vi samlar inn attende til den enkelte
brukar.
2
Eksempel på kva statistikken gjev oss svar på er: Kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge
besøket varar, kva for nettstadar brukarane kjem frå og kva for nettlesarar som blir brukt. Dette blir
ikkje brukt i høve til profilering mot reklame.
Informasjon lagra i elektroniske skjema
Vi brukar elektroniske skjema for å forenkle og effektivisere offentleg forvaltning. Når du fyller ut
elektroniske skjema på www.lesja.kommune.no vil informasjonen du gjev frå deg bli sendt sikkert til
den saksbehandleren eller avdelinga som treng informasjonen til si saksbehandling.
Saksbehandling og arkiv
Lesja kommune bruker eit saksarkivsystem med elektronisk journalføring og elektronisk lagring av
saksdokument.
Ein registrerer ulike typer personopplysningar i saksarkivsystemet. Dette er opplysningar som namn,
adresse, telefonnummer og annan relevant informasjon som går fram av førespurnaden.
Registrering, lagring og oppbevaring skjer i høve arkivlovgjevinga sine regler. Saksdokumentane kan i
tillegg innehalde sensitive personopplysningar. Saksarkivsystemet følgjer offentlege standardar, er
tilgangs- og rollestyrt, og har særlege tryggingstiltak og rutinar for sensitiv informasjon.
Lesja kommune gjer offentlge dokument tilgjengelege i postlista på heimesida si. Korrespondanse
med kommunen blir journalført etter arkivlova sine retningsliner, og vil såleis kunne bli
tilgjengeleggjort i postlista. Dette betyr også at vi normalt vil gje innsyn i desse om vi får ein slik
førespurnad. Sensitive opplysningar blir skjerma.
E-post og telefon
Lesja kommune nyttar e-post og telefon som ein del av det daglege arbeidet, og det førekjem at
kommunen brukar e-post eller telefon til delar av saksbehandlinga. I slike tilfelle skal saksbehandlar
journalføre relevant korrespondanse i tilhøyrande fagsystem. Saksbehandling som inneheld sensitive
personopplysningar gjer ein ikkje på e-post. Mottatt e-post som inneheldr sensitive opplysningar skal
ikkje distribuerast vidare, og skal fjernast frå e-postsystemet. Lesja kommune ønskjer å gjera deg
merksam på at vanleg e-post er ukryptert, og vil oppfordre deg til ikkje å sende teiepliktige, sensitive
eller andre fortrulege opplysningar til oss med e-post.
Telefonsamtaler blir logga i telefonsentralen vår. I tillegg har dei tilsette ei oversikt over dei siste
anropa på telefonane sine. Dersom ei telefonsamtale er knytt til ei enkeltsak, vil det kunne bli skrive
eit notat etter samtala, som blir journalført. Det blir ikkje gjort andre systematiske registreringar av
telefonsamtalar der innringar kan bli identifisert, bortsett frå telefonsamtalar til legevakta som blir
loggført etter gjeldande lovverk.
Helseopplysningar
Lesja kommune behandlar helseopplysningar knytt til lovpålagte tenester i fleire av sine fagsystem,
særleg innan helse- og omsorgssektoren. Den daglege systemdrifta blir gjort av systemansvarleg for
det enkelte fagsystem i samarbeid med IT-tenesta i kommunen. I nokre tilfelle kan leverandøren vera
3
involvert i utvikling, drift og vedlikehald. I slike tilfelle har kommunen inngått databehandlaravtale
med leverandøren. Alle data og system som inneheld sensitive helseopplysningar, ligg i eigen «sikker
sone» avskjerma frå kommunen sitt øvrige miljø.
Det finst eige rutiner for opplæring, tilgangsstyring, og kontrolltiltak i det enkelte fagsystem.
Opplysningar om elever, barnehagebarn og føresette
Lesja kommune behandlar opplysningar om barn og føresette i fleire av sine fagsystem innan
oppvekstsektoren. Den daglege systemdrifta blir gjort av systemansvarlege for det enkelte fagsystem
i samarbeid med kommunen si IT-teneste. I nokre tilfelle kan leverandøren vere involvert i utvikling,
drift og vedlikehald. I slike tilfelle har kommunen inngått databehandlaravtale med leverandøren.
Kommunen har eit administrativt system for skule og barnehage som inneheld personopplysningar
om barnehagebarn, elevar og føresette. Kommunen har også eit system for lærarar og elevar til
arbeid i klasserommet og for å kunne følgje den faglege utviklinga til den enkelte eleven. Systema
registrerer namn, alder, klasse og resultat på testar og prøver.
Det finst eige rutinar for opplæring, tilgangsstyring, og kontrolltiltak i det enkelte fagsystem.
Informasjon om tilsette
Lesja kommune behandlar personopplysningar om tilsette i HRM-systemet sitt for å administrere løn-
og personalansvar. Det blir registrert nødvendige opplysningar, for eksempel grunndata, lønsnivå,
tidsregistrering, skatteprosent, skattekommune og fagforeningstilhøyre.
Alle opplysningane om tilsette blir henta inn frå dei tilsette sjølve og blir utlevert berre i høve
lønsutbetalingar og andre lovpliktige utleveringar. Sletterutinar for personalopplysningar følgjer
rekneskapslova og arkivlova. Opplysningar om namn, stilling og arbeidsområde reknar ein for å vere
offentlege opplysningar og kan publiserast.
Vidare registrerer kommunen personopplysningar i sitt tilgangskontrollsystem. Systemet blir brukt til
å gje og avgrense tilgang til kommunen sine bygg.
Kontaktinformasjon (til personvernombod, felles for Lesja og Dovre
kommunar)
Brit Holen
e-post: [skjult]@lesja.kommune.no
Telefon: 61 24 41 57 // 900 31 688
Postadresse: Lesja kommune, postboks 53, 2665 Lesja
4
Tekst er automatisk ekstrahert fra originaldokumentet. For autoritativt innhold, se originalfilen.