Utløpt Avlyst/ingen kontrakt

Planfagleg bistand til områderegulering for flaumsikring av Lærdalsøyri

Åpne hos Doffin ↗ ☆ Bokmerk Følg anbudet

Denne konkurransen er avsluttet. Det er 13 aktive anbud innen byplanleggingstjenester nå.

Få nye anbud som dette på e-post. Gratis hver lørdag.

Hvor?

Vi sender en bekreftelseslenke. Ingen passord, ingen kort.

Oppdragsgiver Lærdal kommune
Estimert verdi 3 000 000 kr
Prosedyretype Åpen anbudskonkurranse
Publisert 20. november 2026

Beskrivelse

Bakgrunn Lærdalsøyri er kommunesenteret i Lærdal kommune, og er utsett for flaum frå Lærdalselvi. Lærdal kommune skal i samarbeid med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) utarbeida ein områdereguleringsplan for heilskapleg flaumsikring av Lærdalsøyri. Lærdal kommune er oppdragsgjevar og ansvarleg for utarbeiding av reguleringsplanen. Multiconsult har på oppdrag frå NVE utarbeidd ein moglegheitsstudie for heilskapleg sikring av Lærdalsøyri mot flaumhendingar i Lærdalselvi. Studien viser at det er mogleg å sikra Lærdalsøyri mot flaum, men at dette krev omfattande tiltak på begge sider av elva over eit større geografisk område. Tiltaka må planavklarast før dei kan prosjekterast og gjennomførast. Det aktuelle planarbeidet omfattar ikkje berre sjølve sikringstiltaka, men også areal som er nødvendige for tilkomst, bygging, rigg, drift, tilsyn og framtidig vedlikehald. Planarbeidet må ta omsyn til eksisterande busetnad, næringsverksemd, landbruk, infrastruktur, landskap, naturverdiar, kulturmiljø og andre interesser innanfor og i nærleiken av planområdet. Det er utarbeidd eit planprogram for områdereguleringa. Planprogrammet var på høyring og offentleg ettersyn i perioden 22.10.-21.12.2025, og blei fastsett av kommunestyret 10. september 2026. Det fastsette planprogrammet legg føringar for planprosessen, medverknaden, alternativa som skal vurderast og konsekvensutgreiast samt utgreiingsarbeidet som skal gjennomførast. Planarbeidet skal gjennomførast i nært samarbeid mellom Lærdal kommune, NVE, leverandøren og andre relevante styresmakter og interessentar. Føremålet med oppdraget Føremålet med oppdraget er å få fagleg bistand til å utarbeida ein komplett områdereguleringsplan for heilskapleg flaumsikring av Lærdalsøyri. Områdereguleringsplanen skal: Avklara arealbruken for aktuelle flaumsikringstiltak Sikra nødvendig areal for etablering, tilkomst, bygging, rigg, drift og vedlikehald av tiltaka Avklara forholdet til eksisterande og planlagd arealbruk Vurdera verknadene av tiltaka for miljø og samfunn Gi eit tilstrekkeleg grunnlag for vidare detaljprosjektering og gjennomføring Bidra til ein føreseieleg og etterprøvbar planprosess Legga til rette for medverknad med grunneigarar, innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og offentlege styresmakter Leverandøren skal sikra fagleg samordning mellom dei ulike delane av planarbeidet. Det skal vera tydeleg og dokumenterbart samsvar mellom fagutgreiingane, konsekvensutgreiinga, risiko- og sårbarheitsanalysen, plankartet, reguleringsføresegnene og planomtalen. NVE jobbar parallelt med forprosjektet, og det er forventa at leverandøren samarbeider tett med NVE for å sikra samsvar mellom kommunen og NVE sine planarbeid.

Markedskontekst

Basert på 9 historiske tildelinger med CPV-kode som begynner på 90711, i samme fylke.

5 513 613 kr Typisk kontraktverdi (median)
1 126 000 kr – 11 000 000 kr Prisspenn (min – maks)
8 Ulike leverandører har vunnet i denne nisjen

Mest aktive vinnere

Se alle vinnere innen Arkitekt-, konstruksjons-, ingeniør- og inspeksjonstjenester →

Krav og betingelser

Strukturerte felter fra konkurransegrunnlaget (eForms-XML).

Tildelingskriterier

  • Pris: 40 %
    Pris blir evaluert på grunnlag av evaluert totalpris. Evaluert totalpris blir rekna ved å multiplisere tilbydde timeprisar med dei evalueringsmengdene som er oppgitte i prisskjemaet. Eventuelle andre priskomponentar som går fram av prisskjemaet, blir lagde til. Evalueringsmengdene blir berre nytta for å sikre samanliknbare tilbod. Dei inneber ikkje nokon garanti for faktisk timeforbruk eller uttak under kontrakten. Dersom leverandøren ikkje fyller ut ein prispost, kan oppdragsgjevaren leggje den høgaste relevante prisen i tilbodet til grunn, dersom dette kan gjerast utan å endre tilbodet.
  • Oppgåveforståing og gjennomføringsopplegg: 30 %
    Oppdragsgjevaren vil vurdere i kva grad det dokumenterte gjennomføringsopplegget sannsynleggjer ei effektiv, føreseieleg og fagleg god gjennomføring av det konkrete oppdraget. Det blir lagt vekt på: om leverandøren viser god forståing av føremålet, kompleksiteten og dei sentrale utfordringane om arbeidsmetodane er konkrete, relevante og tilpassa oppdraget om opplegget sikrar god samordning mellom fagområda og plandokumenta om framdrifta og ressursdisponeringa er realistisk om sentrale risikoar og avhengigheiter er identifiserte og følgde opp med konkrete tiltak om opplegget for samarbeid og medverknad er målretta og gjennomførbart om gjennomføringsopplegget reduserer behovet for omarbeiding, forseinkingar og unødvendig ressursbruk Det blir vurdert positivt dersom leverandøren identifiserer oppdragsspesifikke utfordringar og foreslår konkrete og realistiske tiltak som gir meirverdi utover minstekrava i kravspesifikasjonen. Omfattande tekst gir ikkje i seg sjølv høgare poengsum. Det er relevansen, presisjonen og kvaliteten på det skildra opplegget som blir vurdert.
  • Kompetanse og erfaring hjå tilbode nøkkelpersonell: 30 %
    Oppdragsgjevaren vil vurdere i kva grad tilbode nøkkelpersonell har kompetanse og erfaring som kan bidra til høg kvalitet og effektiv gjennomføring av det konkrete oppdraget. Det blir lagt vekt på: relevant utdanning og fagleg kompetanse erfaring frå komplekse og tverrfaglege planoppdrag erfaring frå konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse erfaring frå planlegging av flaumsikring, naturfaretiltak eller større tekniske anlegg erfaring frå samhandling med kommunar, statlege styresmakter, grunneigarar og andre interessentar Erfaring frå områderegulering, flaumsikring og tilsvarande komplekse planprosessar blir vurdert positivt, men er ikkje eit absolutt krav til kvar enkelt nøkkelperson. Det blir gjort ei samla vurdering av nøkkelpersonellet. Prosjektleiaren og senior arealplanleggjar vil bli tillagde størst betydning. Vekting av nøkkelpersonell ved vurdering vil vere som følger: Prosjektleiar 40 % - senior arealplanleggar 40 % - junior arealplanleggar 20 %. Opplysningar som berre gjeld leverandøren si generelle verksemdserfaring, og som ikkje kan knytast til tilbode nøkkelpersonell, blir ikkje vurderte under dette kriteriet.

Oppgitt med 0 % vekt: Klima og miljø.

Få full anbudsanalyse (PDF)

Rapport med tildelingen, kjøperens historikk, de mest aktive leverandørene i bransjen, prisnivå og fakta om konkurransen. 199 kr inkl. mva per anbud. Pro-abonnenter får 10/mnd inkludert.

Bransjekoder (CPV)

71000000 - Arkitekt-, konstruksjons-, ingeniør- og inspeksjonstjenester 71200000 - Arkitekt- og relaterte tjenester 71240000 - Arkitekt-, ingeniør- og planleggingstjenester 71250000 - Arkitekt-, ingeniør- og oppmålingstjenester 71300000 - Ingeniørtjenester 71310000 - Rådgivning ingeniør- og byggetekniske tjenester 71311000 - Rådgivning ingeniørtjenester i forbindelse med bygge- og anleggsarbeid 71311300 - Rådgivning i forbindelse med infrastruktur 71317000 - Rådgivning i forbindelse med beskyttelse mot og kontroll av farer 71400000 - Byplanleggings- og landskapsarkitekttjenester 71410000 - Byplanleggingstjenester 90000000 - Avløp, søppel, sanitære og miljømessige tjenester 90700000 - Tjenester i forbindelse med miljø 90710000 - Miljøforvaltning 90711000 - Miljøpåvirkningsanalyse, bortsett fra bygge- og anleggsarbeid 90711100 - Risikoanalyse eller farevurdering, bortsett fra bygge- og anleggsarbeid 90712000 - Miljøplanlegging

Geografi

Vestland

Stedet er hentet direkte fra kunngjøringen og kan være oppdragsgivers administrative region, ikke nødvendigvis der ytelsen faktisk leveres.

Om denne anskaffelsen

Denne kunngjøringen ble publisert på Doffin 20. november 2026 av Lærdal kommune. Estimert verdi er 3 000 000 kr, eks. mva.

Tilbydere bør lese hele konkurransegrunnlaget nøye og merke seg kvalifikasjonskrav, tildelingskriterier og frister. Spørsmål til konkurransen rettes til oppdragsgiver.

Andre anbud fra Lærdal kommune

Lignende anbud

Aktiv · Rødøy Kommune · Frist 15.12.2026 kl. 12:00

Rammeavtale – areal- og reguleringsplanlegging – Rødøy kommune

Innkjøpsservice Advokatfirma AS gjennomfører anskaffelsen på oppdrag for Rødøy kommune. For ytterligere informasjon se konkurransegrunnlag med vedlegg.

16.11.2026
23 dager igjen
Aktiv · Solund kommune · Frist 11.12.2026 kl. 12:00

Plankonsulent (prosjektleiar) områderegulering Hardbakke hamn og Steinsund

Bakgrunn og formål Solund kommune ønskjer å engasjere ein erfaren plankonsulent (prosjektleiar) til å leia arbeidet med områderegulering av indre hamn på Hardbakke, samt næringsområde N20 i Steinsund…

1 500 000 kr
12.11.2026
19 dager igjen
Aktiv · Loppa kommune · Frist 30.11.2026 kl. 12:00

Konsulentbistand reguleringsplan for Loppa kommune 2027

Oppdragsgiver i denne konkurransen er Loppa kommune, K_5614.

1 000 000 kr
30.10.2026
8 dager igjen
Aktiv · Melhus Kommune

ROS-analyse og oppdatering av konsekvensutredning for grunnvannskilden Fremo

Melhus kommune jobber nå med revidering av kommuneplanens arealdel, og søker ekstern hjelp til å utføre ROS-analyse som innfrir plan- og bygningslovens §4-3, og til å oppdatere konsekvensutredning for…

22.09.2026
Aktiv · Forsvarsbygg · Frist 15.07.2036 kl. 00:00

R01882 - DPS - Bistand reguleringsplan

Dynamisk innkjøpsordning for bistand til reguleringsplanarbeid.Forsvarsbygg inviterer leverandøren til å inngi søknad om prekvalifisering for bistand til reguleringsplanarbeid. For å kunne delta i fre…

15.06.2026
3523 dager igjen
Aktiv · Vågan Havnevesen KF · Frist 30.12.2030 kl. 00:00

DPS for konsulent og prosjektleder Vågan kommune 2025-2030

Vågan kommune har til hensikt å etablere en dynamisk innkjøpsordning for kategorien prosjektleder/konsulent. Omfanget kan vil variere ut ifra løpende behov og det blir enten mini-konkurranser eller ra…

35 000 000 kr
11.12.2025
1499 dager igjen

Flere anbud i samme bransje